Statistisk sentralbyrå SSB

Arbeidskraftundersøkinga. Sesongjusterte månadsvise tal, oktober 2009 Sysselsetjinga fell framleis

Pressemelding   •   des 23, 2009 11:19 CET

Frå juli til oktober var det ein nedgang i sysselsetjinga på 20 000 personar. Dei arbeidslause utgjorde i oktober 3,2 prosent av arbeidsstyrken.

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) eit fall i sysselsetjinga på 0,8 prosent frå juli (gjennomsnitt for juni-august) til oktober (gjennomsnitt for september-november). Nedgangen i sysselsetjinga er sterkast blant dei under 25 år og fordeler seg likt mellom kvinner og menn.

Svak auke i arbeidsløysa

Arbeidsløysa steig frå 3,1 prosent i juli til 3,2 i oktober. Dette utgjorde ein auke på 4 000 personar, men ein så moderat oppgang ligg innanfor feilmarginen i AKU. Arbeidsløysa aukar mest blant dei over 25 år.

Arbeidsløysa for september har blitt revidert opp 0,1 prosentpoeng, frå 3,1 til 3,2 prosent

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med omlag 2 000 personar frå juli til oktober. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak, var veksten på 4 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juli og oktober ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 20 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 4 000. Dette gir ein netto nedgang i arbeidsstyrken på 16 000. Frå dei sist publiserte kvartalstala frå AKU (ikkje sesongkorrigerte tal) ser vi at veksten i talet på personar utanfor arbeidsstyrken mellom anna har kome blant dei som studerer og dei som er førtidspensjonerte/uføre.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette= Arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidsløysa veks framleis i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser framleis oppgang i arbeidsløysa. Danmark opplevde ei stigning på 0,9 prosentpoeng i perioden juli til oktober, slik at arbeidsløysa i Danmark no er på 6,9 prosent. I EU steig den samla arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng til 9,8 prosent, medan ho i USA steig med 0,8 prosentpoeng. Arbeidslause amerikanarar utgjorde 10,2 prosent av arbeidsstyrken i oktober. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald.

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i ”Om statistikken”, punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering.

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller