Miljøverndepartementet

Auka satsing på miljø i budsjettet

Pressemelding   •   okt 11, 2010 09:17 CEST

Dei siste åra har Miljøverndepartementet hatt ein god vekst i budsjetta, og dette held fram. I 2011 kjem dei største aukingane innan oppfølging og vern av naturmangfald og til tiltak i nordområda. I tillegg satsar regjeringa på miljøforsking og på innhenting av kunnskap og data. Innsatsen på klima og kulturminne blir halde oppe på eit høgt nivå.

- Eg er nøgd med at vi framleis held eit høgt nivå på innsatsen innan kulturminne- og miljøfeltet. Vi har store utfordringar framover når det gjeld klimaendringane og vern av naturen. Dette arbeidet krev stor merksemd og mykje pengar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2011 er på 4 585 millionar kroner. Budsjettet aukar med 7,1 prosent, eller nesten 305 millionar kroner i høve til budsjettet for 2010. Hvis vi korrigerer for at ansvaret og pengane til Tinglysinga er overført frå Justisdepartementet til Miljøverndepartementet, er aukinga på 114 millionar kroner. Veksten frå 2005 har vore på over 1,8 milliardar kroner, noko som tilsvarer nesten 70 prosent.

Regjeringa si samla miljøsatsing på alle departementa er berekna til 37,9 milliardar kroner. I tråd med prinsippet om sektoransvar, er det store miljø- og klimasatsingar på andre departement sine område. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement. På Utanriksdepartementet sitt budsjett er det sett av 2,2 milliardar kroner til tiltak mot avskoging i utviklingsland. I tillegg er fullmakta til å inngå avtalar auka opp til 3,5 milliardar kroner.

Det er også store miljørelaterte satsingar på Samferdselsdepartementet og Olje- og energidepartementet sine budsjett, mellom anna til investeringar og vedlikehald av jernbanenettet og karbonfangst og -lagring. Miljøverndepartementet samarbeider i tillegg med Nærings- og handelsdepartementet om ei satsing på til saman 167 millionar kroner til kommersialisering av miljøteknologi. Programmet har ei samla ramme på 500 millionar kroner over tre år og har som mål å medverke til berekraftig næringsverksemd basert på miljøteknologi i Noreg.

Naturmangfald

Regjeringa si auka satsing dei seinare åra innafor vern og naturmangfald held fram i 2011. Dei samla løyvingane til arbeidet med truga og sårbare artar vil då vere på meir enn 614 millionar kroner, ei auking på om lag 39 millionar kroner. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å ta vare på villaksen. Det blir føreslått ei auking på 6,8 millionar kroner slik at samla løyving til villaks blir på 149,5 millionar kroner. 1,5 millionar av dette går til det norsk-svenske samarbeidet om å gjenetablere Vänern-laksen i Klara- og Trysilelva.

Samstundes aukar den samla løyvinga til rovvilterstatningar med 19 millionar kroner. Den nye naturmangfaldlova, som tok til å gjelde i 2009, har ført til styrka arbeid med å ta vare på artar og naturtypar. I samband med oppfølging av naturmangfaldlova føreslår regjeringa ei auking på ti millionar kroner til arbeidet med prioriterte artar og utvalde naturtypar. Til artsprosjektet og arbeidet med ein naturindeks for Noreg blir det sett av 40 millionar kroner. I tillegg blir det føreslått ei løyving på fem millionar kroner til Artsdatabanken.

Til forvaltning og skjøtsel i verneområda er det ei auking på 20 millionar kroner, opp til totalt 243 millionar kroner. Denne satsinga er retta mot etablering av ein ny modell for forvaltning og skjøtsel av verneområda og omfattar nye naturoppsynsstillingar, områdeforvaltarar og drift av nasjonalparkstyra.

Regjeringa vil også auke løyvingane til arbeidet med å følge opp EU sitt rammedirektiv for vatn. I budsjettet for 2011 er det sett av 48 millionar kroner, noko som er ei auking på 15 millionar kroner. I tillegg er det føreslått ei styrking på tre millionar kroner til arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning av dei norske havområda og åtte millionar kroner til arbeidet med å få på plass ein marin verneplan.

Løyvinga til forvaltning og tilrettelegging i friluftsområda aukar med seks millionar kroner i 2011. Aukinga skal gå til utarbeiding av nasjonal handlingsplan for friluftsliv og til oppfølging av den nye markalova for Oslomarka. Totalt vil det bli brukt om lag 120 millionar kroner på friluftsliv.

Nordområda og forsking

Noreg har eit særskilt ansvar for forvaltning av store område i Arktis og for forsking på og overvaking av klimaprosessane i nord. Miljøinnsatsen i polarstrøka blir styrka med 20 millionar kroner til oppbygging av Fram-senteret i Tromsø, som forskar på klima og miljø. Satsinga er øyremerka faglege aktivitetar, kompetanseoppbygging og forskaropplæring. I tillegg til satsinga på Fram-senteret, føreslår regjeringa å styrke miljøtiltak i nordområda med ti millionar kroner. Dette omfattar styrking av miljøvernarbeidet på Svalbard, naudsynt modernisering av radioteleskopet i Ny-Ålesund, samt utvikling og etablering av eit felles, heilskapleg norsk-russisk miljøovervakingsystem for Barentshavet.

Miljøpolitikken må bygge på god og oppdatert kunnskap. Regjeringa aukar difor også den totale løyvinga til miljøforsking og miljøovervaking med 27,4 millionar kroner. Dette vil blant anna gå til å auke basisløyvingane for forskingsinstitutta og betre overvakinga.

Klima

Noreg skal fortsette å spele ei leiande rolle i dei internasjonale klimaforhandlingane. I tillegg leiar Miljøverndepartementet arbeidet med å følge opp utreiinga Klimakur. Klima og forureiningsdirektoratet sitt driftsbudsjett er styrka med åtte millionar kroner for å utvikle etaten vidare, særleg når det gjeld klimakompetanse.

Samarbeidsprosjektet «Framtidens byer», som skal medverke til å redusere klimagassutsleppa og betre bymiljøet, blir ført vidare på same nivå som i 2010 med 35 millionar kroner. Dei 13 største byane i landet deltek i prosjektet. Satsinga i Groruddalen blir halde oppe på same høge nivå med 32 millionar kroner.

Kulturminne

Regjeringa held oppe aktivitetsnivået i arbeidet med vern av kulturminne og kulturmiljø. Til vern og sikring av freda bygningar blir det føreslått bevilga 216 millionar kroner i 2011. Budsjettaukinga er føreslått på grunn av at Rjukanbanen er kome med på lista over priorterte tekniske og industrielle kulturminne og fordi det skal bidra til oppstart av arbeidet med verdsarvnominasjonen av industrianlegga på Rjukan-Notodden og Odda.

I tillegg blir det føreslått ei auking til Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet på 14 millionar kroner. Dette skal gå til utvikling av eit forvaltnings- og sakshandsamingsystem som skal gje kulturminnestyresmaktene gode styringsdata og styrke kulturminnekompetansen i kommunane. Avkastinga i Norsk kulturminnefond aukar med 4,2 millionar kroner.

Miljømedvetne offentlege innkjøp

Regjeringen er oppteken av miljømedvetne offentlege innkjøp og innføring av miljøleiing i statlege etatar.  Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) følger opp planen på nasjonalt nivå og gjennom bistand til knutepunkta som er oppretta i alle fylke. Regjeringa føreslår å styrke dette arbeidet med fire millionar kroner, slik at det blir avsett totalt 18 millionar kroner til dette i 2011.

Regjeringa føreslår også ei styrking av drifta i store delar av miljøforvaltninga med ei auking på til saman 19 millionar kroner.