Toll og avgiftsdirektoratet

Avskilt køyretøy før nyttår

Pressemelding   •   des 07, 2009 16:40 CET

Dersom du ikkje bruker køyretøyet ditt lenger, bør du avskilte det før årsskiftet. Elles må du betale årsavgift for køyretøyet i 2010.
Kontaktperson: Dag Ramsjø, kontorsjef i Tollregion Oslo og Akershus,
telefon 906 87 941   Alle som står oppført som eigar av eit køyretøy  i motorvognregisteret den 1. januar 2010, vil få årsavgiftskrav i posten i februar. Det vil seie at dersom du ventar til etter nyttår med å avskilte eit kjøretøy du ikkje bruker, er du pliktig til å betale årsavgift for 2010.

Avgiftsplikt
Årsavgifta gjeld frå 1. januar til 31. desember kvart år, og må betalast innan 22. mars.  
Satsar
Stortinget vedtek storleiken på avgifta kvart år.
Sjå forslaget for 2010 her: www.statsbudsjettet.dep.no under overskrifta Årsavgift kr/år i tabellen.

Fritak for avgift
Dersom køyretøyet blir avskilta hos Statens vegvesen innan 31. desember 2009, blir det ikkje skrive ut avgift for  2010.

Dersom køyretøyet blir levert til vraking/hugging hos ein godkjend oppsamlingsplass/vrakplass eller til bilopphoggeri (køyretøy utan vrakpant) seinast ved betalingsfrist (22. mars), blir det gjeve fritak for avgifta, eventuelt refusjon om den allereie er betalt. Godkjende oppsamlingsplassar/vrakplassar

Redusert avgift
For køyretøy som blir levert til vraking/hugging hos ein godkjend oppsamlingsplass/vrakplass eller til bilopphoggeri (køyretøy utan vrakpant) i perioden etter betalingsfrist  22. mars og til og med 30. juni, blir halv avgift betalt tilbake til sist registrerte eigar. For køyretøy som blir registrert frå og med 1. juli, skal det betalast halv avgift.   Les meir om årsavgifta