Statistisk sentralbyrå SSB

Befolkningsstatistikk. Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand ogstatsborgarskap. 1. januar 2010 Framleis høg folkevekst

Pressemelding   •   feb 18, 2010 11:49 CET

Folketalet i Noreg auka med 58 900 i 2009, noko som er 3 100 mindre enn i2008. Folkeveksten ligg likevel framleis på et høgt, historisk nivå. Vedårsskiftet var det 4 858 200 busette her i landet.

Sett i høve til folketalet var folkeveksten høg i 2009, med ein vekst på1,23 prosent.  Året før, i 2008, var tilsvarande folkevekst 1,31 prosent,som til då var det høgaste sidan 1920.
364 000 er born under 6 år

Ved årsskiftet var 7,5 prosent av dei busette born under 6 år. Born under 6år stod for ein dobbelt så stor del av folkemengda på 1900-talet, med 15prosent. I åra frå 1900 - 2010 har talet på born under 6 år variert mellom244 100 (1938) og 394 400 (1972). For storleiken på småbornskulla harnedgangen i barnedøydelegheit hatt størst innverknad gjennom tida, isamspel med talet på fødde og inn- og utvandringar.

Ved årsskiftet var nær 13 prosent av dei busette i aldersgruppa 6-15 år,medan 16-19-åringane stod for 5,3 prosent av befolkninga

[Figur: Folkemengd etter alder. 1.januar 1900- 2010]
[Figur: Folkemengd etter alder. 1.januar 1900-2010. Prosent]
[Tabell: Dei ti kommunane med flest/færrast 0-5-åringar]

Delen av småborn i alderen 0-5 år varierer i kommunane i landet fråbortimot 10 prosent av befolkninga i kommunane med størst del småborn, tilned mot 3 prosent i kommunane med lågast del.

[Tabell: Dei ti kommunane med flest/færrast personar i aldersgruppa 80 årog over]

Flest eldre i Hedmark, færrast i Akershus og Rogaland
Vel 60 prosent av dei busette var i aldersgruppa 20-66 år ved sisteårsskifte, medan vel 8 prosent var i aldersgruppa 67-79 år. Dei allereldste som var 80 år og over, stod for 4,5 prosent av folkemengda. Sett ihøve til folketalet var det Hedmark som hadde flest busette 80 år og over,medan delen var lågast i Akershus og Rogaland.

[Tabell: Dei ti kommunane med flest/færrast menn i befolkninga]

29 prosent fleire kvinner enn menn 80 år og over
Befolkninga fordeler seg på 2 426 750 menn, og 2 431 450 kvinner. Totalt erdet 4 700 fleire kvinner enn menn. I aldrane opp til og med 65 år er detfleire menn enn kvinner, medan det er fleire kvinner enn menn blant deiover 65. Ved årsskiftet var 220 000 i aldersgruppa 80 år og over, 77 600menn og 142 400 kvinner, noko som gjev eit kvinneoverskot på 29 prosent idenne aldersgruppa.

Tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte samtidig som detblir publisert endringstal for 4. kvartal 2009 og for heile kalenderåret2009, sjå kvartalstala. Meir detaljert statistikk om folkemengd etterstatsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 11. mars.

http://www.ssb.no/folkemengde/