Fiskeridirektoratet

– Behov for eit tett og godt samarbeid

Pressemelding   •   feb 04, 2010 08:42 CET

Når to ulike etatar skal samordne aktivitetar etter same lov, er det eit behov for eit tett og godt samarbeid og sikker informasjons- og dokumentflyt, seier Anne-Karin Natås ved forvaltingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Frå 1. Januar 2010 vart ansvaret for tildeling av dei vanlegaste akvakulturløyva overført frå Fiskeridirektoratet til fylkeskommunane i samband med forvaltingsreforma.

Anne B. Osland ved forvaltningsseksjonen i Fiskeridirektoratet si kyst- og havbruksavdeling var mellom dei som heldt foredrag på seminaret. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Om lag 50 personar deltok på kompetanseoverføringsseminar i regi av Fiskeridirektoratet i januar. Det var representantar frå dei ulike fylkeskommunane, Direktoratet for naturforvaltning, Mattilsynet, fylkesmannen i Hordaland, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) og frå Fiskeridirektoratet.

Føredraga som vart halde på seminaret er tilgjengelege nedst på denne sida.

Vegen vidare
Fiskeridirektoratet ser føre seg at ein arrangerer faste kompetanseutvekslingsforum frå 2010, og at ein kan arrangere samlingar med særskilde tema etter behov. Om fylkeskommunane ynskjer det, kan også direktoratet stille på fylkeskommunane sine samlingar.

– Fiskeridirektoratet forpliktar seg til å formidle kopi av klagevedtak som direktoratet gjer om til samtlege fylkeskommunar, for å sikre ein god og sikker informasjonsflyt. Det same gjeld sjølvsagt dokument som er særleg viktige, seier Natås.

Dessutan skal direktoratet gjere brukarrettleiinga tilgjengeleg på sine nettsider og halde denne à jour. Fylkeskommunane på si side skal sende kopi av vedtak vedrørande søknadshandsaming til Fiskeridirektoratet sine regionar.

Om lag 50 personar deltok då Fiskeridirektoratet arrangerte kompetanseoverføringsseminar i januar. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Det er fullt mogeleg for fylkeskommunane å kome med innspel til regelendringar. Fiskeridirektoratet ynskjer også eit samarbeid frå sak til sak, på til dømes:

  • lov- og regelverksutvikling
  • rådgjeving og utreiing
  • løyve til særskilde føremål
  • handsaming av klager
  • tilsynsarbeid

På tampen av seminaret kjem Natås med ei oppmoding til deltakarane:
– Slå opp i akvakulturregisteret. Der finn de alle opplysingar om løyvehavarar og lokalitetar som de treng, seier Natås.

«Om Fiskeridirektoratet og oppdrettsnæringen» av Jens Christian Holm

(2,01 MB)

«Presentasjon av brukerhåndboken Akvakulturforvaltning» av Anne-Karin Natås

(726,47 kB)

«Introduksjon til akvakulturregelverket og noen hovedprinsipper i akvakulturforvaltningen» av Britt Leikvoll

(692,55 kB)

«Gjennomgang av saksgangen for søknad om klarering av lokalitet» av Endre Korsøen

(1,49 MB)

«Gjennomgang av saksgangen forts.» av Anne B. Osland

(622,13 kB)

«Forvaltningsreformen og planrelatert akvakulturforvaltning» av Frank Jacobsen

(1,71 MB)

«Klageprosessen» av Erik Staurset Andresen

(599,85 kB)

«Rettslig klageinteresse» av Veronika Nøstvold

(897,68 kB)

«Miljømessig forsvarlig - en innføring i akvakulturloven § 10» av Hanne Lund

(519,01 kB)

«Privat eiendomsretts vern i akvakultur-forvaltning» av Hanne Lund

(755,89 kB)

«Samlokalisering - maks antall lokaliteter» av Anne Mette Haugan

(1,03 MB)

Les mer

«Endret akvakulturforvaltning» (05. januar 2010)

«Fylkeskommunane på opplæring» (15. januar 2010)

«Fylkeskommunene i farta!» (17. desember 2009)