Samferdselsdepartementet

Behovet for banktenestene til Posten skal utgreiast

Pressemelding   •   okt 12, 2010 15:40 CEST

- Regjeringa ønskjer å utgreia behovet for banktenester i postnettet når etterspurnaden fell og alternative løysingar som bank i butikk og elektroniske tenester aukar i utbreiing. Rapporten bør òg ta for seg korleis ei heil eller delvis avvikling av bankplikta i praksis kan gjennomførast. Utgreiinga skal òg få fram dei statlege kostnadene ved å vidareføra bankplikta slik ho er i dag eller ved å redusera omfanget.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har lyst ut ei utgreiing om omfanget av bankplikta i postnettet.

- Endringar i etterspurnaden etter banktenester har ført til at talet på banktransaksjonar i postkontornettet har gått ned med 90 prosent dei siste 15 åra. Det dramatiske fallet i etterspurnaden gir grunn til å vurdera ei heil eller delvis avvikling av bankplikta til Posten Norge AS.

Posten er pålagd ved lov å tilby grunnleggjande banktenester i heile landet. I dag vert dette løyst ved at Posten har inngått avtale med DnB NOR, der Posten formidlar finansielle tenester på vegner av banken. Eit grunnleggjande banktilbod vert gitt ved 1 500 faste ekspedisjonsstader og av 1 700 landpostbod.

Interessentar som vil utarbeida rapporten, må søkja innan torsdag 28. oktober 2010 kl. 12.00. Oppdraget vil venteleg verta tildelt i veke 44 og kontrakt signert i veke 46. Utgreiinga skal vera ferdig i slutten av januar 2011.

Kunngjeringa av rapportutlysning på Doffin:
http://www.doffin.no/search/show/search_view.aspx?ID=OCT152521

For meir informasjon – ta kontakt via pressevakta: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)