IMDi

Ber 287 kommunar ta i mot 5300 flyktningar

Pressemelding   •   sep 22, 2010 08:39 CEST

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ber 287 kommunar om å ta i mot til saman 5300 flyktningar i 2011, 750 av desse er einslege born og unge. Dette er ei halvering samanlikna med 2010 då kommunane vart oppmoda om å busetta 10 000 personar.

Talet på asylsøkjarar til Noreg har gått kraftig ned i 2010, og det er derfor behov for å busetta færre flyktningar til neste år enn det som har vore tilfellet dei siste åra. Talet på einslege personar er imidlertidig høgt. Per 31.08.2010 er det omlag 1400 busettingsklare vaksne i mottak, rundt 1200 av desse er einslege. Dei fleste flyktningane som skal busettast er frå Somalia, Eritrea og Afghanistan.

- Dei aller fleste kommunar seier ja til å ta i mot flyktningar, og kommunane har gjort ein svært god innsats med å ta i mot mange flyktningar dei to siste åra. Mange kommunar har bustadar tilpassa familiar og busettinga har derfor vore spesielt krevjande sidan delen einslege, både vaksne og mindreårige, har auka kraftig. Talet på einslege vil og vera høgt til neste år, men dersom kommunane held fram med det gode arbeidet, har me stor tru på at flyktningane som får opphaldsløyve raskt kan flytta til ein kommune i 2011, seier Geir Barvik, direktør i IMDi.

Raskt i gang med integrering

Det er svært viktig at flyktningar får flytta til ein kommune så fort som mogeleg, slik at integrering i form av norskopplæring og kvalifisering for arbeid, kan kome raskt i gang.

- Gode introduksjonsprogram har ei nøkkelrolle for å lykkast med integreringa. Gjennom programmet får flyktningane mellom anna opplæring i norsk og samfunnskunnskap, i tillegg til arbeidstrening slik at dei kan kome seg i arbeid og klare seg sjølve. I tida framover vil IMDi ha eit særleg fokus på kvaliteten i introduksjonsprogramma og møter gjerne kommunar for å diskutera korleis introduksjonsprogrammet kan bli best mogeleg tilrettelagt, seier Barvik.

Framleis stort behov for å busetta born og unge

Talet på einslege mindreårige flyktningar som kjem til Noreg har og gått ned dette året. I 2011 er likevel talet på born og unge som treng å flytta til ein kommune høgt. I rekordåret 2009 vart det busett 606 einslege mindreårige, i 2011 er behovet altså 750 personar. Per 31.08.2010 sit nærare 600 busettingsklare einslege mindreårige i mottak. Dei fleste av desse kjem frå Afghanistan, som også vil utgjer den største gruppa i 2011.

- Mange kommunar har dei siste åra bygd opp eit godt tenesteapparat for denne gruppa og kan vise til gode resultat med dei einslege mindreårige. Mange av ungdommane er ressurssterke, og finn seg godt til rette i kommunen dei kjem til. Kommunar som har lang erfaring med å ta i mot einslege mindreårige har vore flinke til å dela sin kompetanse med mindre erfarne kommunar, seier Barvik.

Pressehenvendelser til IMDis regionsleiarar:

IMDi Nord, Dulo Dizdarevic 41261775
IMDi Midt-Norge, Marit Elin Eide 93641020
IMDi Vest, Ohene Aboagye 90721239
IMDi Sør, Tormod Fidje 90121230
IMDi Øst, Randi Kleven 95777045 
IMDi Indre-øst, Farahnaz Bahrami 46846900

Lenker

Vedlegg