Kommunal- og regionaldepartementet

Betrar tilskotet for leigetakarar i husleigeregulerte bustader

Pressemelding   •   des 03, 2009 22:03 CET

Kommunal- og regionaldepartementet og Oslo kommune er samde om å auke formuegrensa frå 100.000 til 250.000 kroner for dei som kan få tilskot til husleige i samband med at husleigereguleringslova avviklast som planlagt frå nyåret.

- Vi har lytta til innspel frå høyringsinstansane og helse- og sosialkomiteen i Oslo kommune. Vi aukar formuegrensa, og dermed blir det mogleg for fleire å ta del i stønadsordninga, seier statssekretær Hege Solbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Eg er glad for at vi har kome fram til ei god ordning for dei dette gjeld. Oslo kommune skal no sørgje for at dei som søkjer om tilskot får hjelp og rettleiing. Ingen skal måtte sove på gata i Oslo, seier byråd Sylvi Listhaug.

Det er ti år sidan Stortinget vedtok at husleiereguleringslova skulle avviklast gradvis. Frå nyttår er lova historie og husleiga i desse bustadene kan aukast til gjengs leigepris.

- Vi har fått på plass ei behovsprøvd ordning for dei som slit mest. Tilskotsordninga skal hindre at folk over 67 år og andre med meir enn 20 års butid i dei regulerte bustadene blir tvinga til å flytte når husleigene aukar, seier Solbakken

Etter at tilskottet er betalt, skal ordninga sikre at einslege har igjen 7000 kroner. Eit par skal sitje igjen med 11.000 kroner. For familiar med tre eller fleire medlemmer, blir det gjeve ytterlegare 2500 kroner ekstra per person. Det blir også gjeve kompensasjon til oppvarming på 500 kroner per månad. Det blir ikkje gjeve tilskott til den delen av leige som er større enn 14.500 kroner pr månad. Formuegrensa er sett til 250.000 kroner.

Oslo kommune skal administrere ordninga. Det er oppretta eit byomfattande informasjonskontor i Bydel Frogner. -Eg oppmodar alle som er omfatta av endringane om å kontakte dette kontoret, seier Listhaug.

Ein reknar med at endringane i formueregelen vil koste om lag 3 millionar kroner. Staten og Oslo kommune deler rekninga.

  • Pressekontakt i Oslo kommune er byrådssekretær Anne Kristine Jensen, mobil: 41007920
  • Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00