Kulturdepartementet Norge

Bingoautomatane borte frå 1. april 2010

Pressemelding   •   des 04, 2009 16:45 CET

Statsråd Anniken Huitfeldt har bestemt at alle bingoautomatar blir forbodne frå 1. april 2010. Dermed er forbodet mot gevinstautomatar i Noreg gjennomført fullt ut i samsvar med føresetnadene frå Stortinget. Gevinstautomater utanfor bingohallar blei forbodne frå 1. juli 2007.

- At bingoautomatane blir borte er nok eit viktig steg mot ein meir forsvarleg og kontrollert spelemarknad, seier kulturminister Anniken Huitfeldt. - Den største utfordringa som står att no er å verne norske spelarar mot ulovlege pengespel på internett .

Bingoautomatane spela inn over to milliardar kroner i 2008. Dette er om lag halvparten av den samla omsetnaden i bingohallane, og tre gonger meir enn i 2006. Talet på spelarar som har vendt seg til hjelpetelefonen for spelavhengige på grunn av bingoautomatar har og auka. Til no i 2009 har 18 % av telefonane til hjelpetelefonen handla om problem med bingoautomatar.

Over 80 % av dei som kontakta hjelpetelefonen i de tre første kvartala i 2009 hadde problem med poker, kasinospel og oddsspel, som er tilgjengelege frå utanlandske nettstader på internett.