Kommunal- og regionaldepartementet

Brei evaluering av e-val

Pressemelding   •   jun 01, 2011 14:45 CEST

Kommunal- og regionaldepartementet har onsdag 1. juni inngått kontrakt med to forskingsmiljø som skal evaluere forsøket med e-val i ti kommunar ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten. Det er satt av meir enn 7 millionar kroner til denne forskinga.

Det er henta inn tung nasjonal og internasjonal valekspertise for å evaluere forsøket. Institutt for samfunnsforskning skal saman med Norsk institutt for by - og regionforskning (NIBR), Uni Rokkansenteret, Universitetet i Oslo og Norsk Regnesentral utføre den største delen av forskingsoppdraget. Ein mindre del av oppdraget blir utført av International Foundation for Electoral Systems (IFES), ein amerikansk organisasjon med over 20 års erfaring på valområdet.

- Det er mykje debatt om dette forsøket. Eg er oppteken av at evalueringa skal bli omfattande og grundig, så vi får eit solid dokument for vidare diskusjon om e-val i Noreg. Eg er difor glad for at sterke og uavhengige forskingsmiljø skal sjå nærare på effektane av elektronisk røysting og vurdere kva det har å seie for demokratiet og valåtferda til veljarane i forsøkskommunane, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Til saman har dei to forskingsmiljøa brei erfaring og kompetanse innanfor forsking på lokaldemokrati, val og valåtferd blant veljarane, og elektroniske løysingar for demokrati og røystegjeving.

Etter planen skal resultatet av forskinga vere klart innan hausten 2012.

Les meir om forsøket med e-val: www.e-valg.dep.no
Sjå blogginnlegg om evalueringa: www.e-valgbloggen.no

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.