Statistisk sentralbyrå SSB

Byggjekostnadsindeks for bustader, desember 2009 Byggjekostnadene opp 1,8 prosent

Pressemelding   •   jan 14, 2010 09:04 CET

Byggjekostnadene for bustader auka med 1,8 prosent frå desember 2008 til desember 2009. Materialkostnadene steig med 1,5 prosent i den same perioden.

Frå desember 2008 til desember 2009 steig byggjekostnadene for einebustader mest, med 2,3 prosent, medan kostandene knytte til bygging av bustadblokker berre auka med 1,0 prosent. Materialkostnadene for einebustader av tre og bustadblokker steig med respektive 2,1 og 0,1 prosent i den same perioden.

Kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker auka begge med 0,1 prosent frå november til desember i fjor. I same periode steig materialkostnadene med 0,1 prosent for einebustader av tre, men haldt seg uendra for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100

Tabell: http://www.ssb.no/bkibol/