Statistisk sentralbyrå SSB

Byggjekostnadsindeks for bustader, januar 2010

Pressemelding   •   feb 11, 2010 10:10 CET

Stabile byggjekostnader

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,1 prosent frå desember 2009 til januar 2010. Materialkostnadene steig med 0,2 prosent i den same perioden.

Kostnadene til bygging av einebustader av tre auka med 0,1 prosent frå desember i fjor til januar i år. Dei tilsvarande kostnadene for bustadblokker var 0,2 prosent i den same perioden.

Frå januar i fjor til januar i år auka kostnadene for bustader med 2,0 prosent. Byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker steig med høvesvis 2,4 og 1,2 prosent. Materialkostnadene for einebustader av tre auka med 2,3 prosent, medan materialkostnadene for bustadblokker steig med 0,6 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100