Statistisk sentralbyrå SSB

Byggjekostnadsindeks for bustader, november 2009 Små endringar i byggjekostnadene

Pressemelding   •   des 10, 2009 10:05 CET

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,3 prosent, medan materialkostnadene steig med 0,1 prosent i denne perioden.

Byggjekostnadene for einebustader av tre auka med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Dei tilsvarande kostnadene for bustadblokker var uendra i den same perioden.

Lønsstatistikk for 3. kvartal 2009 er teken med i byggjekostnadene for november i år.

Frå november i fjor til november i år steig byggjekostnadene for bustader med 1,5 prosent. Materialkostnadene auka med 1,2 prosent i den same perioden. Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker auka med høvesvis 2,0 og 0,6 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100

Tabell; http://www.ssb.no/bkibol/