Statistisk sentralbyrå SSB

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, november 2009 Auka kostnader for røyrleggjararbeid

Pressemelding   •   des 14, 2009 10:35 CET

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 1,0 prosent frå oktober til november i år. Materialkostnadene og arbeidskraftkostnaden gjekk opp med høvesvis 1,1 og 0,9 prosent i denne perioden.

Lønsstatistikk for 3. kvartal 2009 er teken med i byggjekostnadene for november i år.

Frå november i fjor til november i år auka byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 2,3 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar steig med respektive 2,6 og 2,1 prosent.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100

Tabell; http://www.ssb.no/bkiror/

Tabeller