Kommunal- og regionaldepartementet

Dekkjer Tromsøs OL-utgifter

Pressemelding   •   des 16, 2009 09:08 CET

Kommunal- og regionaldepartementet dekkjer utgiftene Tromsø kommune og Troms fylkeskommune hadde til planleggingsarbeid i samband med søknaden om OL i Tromsø i 2018.

- Eg veit at utgiftene til planleggingsarbeidet rundt OL vart ei ekstra belastning på kommunane sine budsjett. Vi lova å sjå kva vi kunne gjere for å hjelpe, og er glad for at vi kan dekkje desse ekstra kostnadene. Ein ekstra innsats og hjelp frå Tromsø kommune og Troms fylkeskommune var naudsynt i samband med planlegginga av eit eventuelt OL-arrangement i 2018. No kan vi kompensere for dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Tromsø kommune og Troms fylkeskommune får til saman 919 752 kroner i ekstra skjønnsmidlar. Skjønnsmidlane fordeler seg med 490 067 kroner til Tromsø kommune og 429 685 kroner til Troms fylkeskommune. Tromsø kommune har allereie fått utbetalt 150 000 kroner, så desse vil bli fråtrekt beløpet som no vert utbetalt til kommunen.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.