Voss Veksel- og Landmandsbank

Delårsrekneskap 4. kvartal 2009

Pressemelding   •   jan 20, 2010 09:15 CET

Styret i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA har handsama førebels årsrekneskap for 2009. Resultatet i nominelle kroner er eit av banken sine beste.

Banken bokfører eit resultat før skatt på 30,5 mill. kr, mot 20,6 mill. kr i 2008. Resultatet utgjer
1,16% av gjennomsnittleg rådveldekapital, mot 0,86% for 2008. Etter skatt er resultatet 23,4 mill. kr mot 13,9 mill. kr i 2008.

Styret i banken gjer framlegg om å utbetala 50 kr i utbytte pr aksje for 2009.

Trass i stor konkurranse om kundane som set press på marginane og full innbetaling av avgift til Bankenes Sikringsfond, er rentenettoen for året sett under eitt auka med om lag 0,9 mill. kr, og er ved utgangen av året 58,9 mill. kr eller 2,24% av GFK, mot 58,0 mill. kr eller 2,41% i 2008.

Banken har inntektsført netto utbytte, vinst og verdiendringar med 10,3 mill. kr. på verdipapir i
handelsporteføljen i 2009, mot kostnadsføring på 5,2 mill. kr i 2008. Av desse 10,3 mill. kr er vel 9 mill. kr realisert vinst. Nokre selskap innan olje- og riggbransjen har grunna finanskrisa fått problem med å finansiera seg, og har opplevd konkursar og manglande evne til å betale inngåtte kontrakter. Vekselbanken har i nokon grad vore eksponert i obligasjonar i desse bransjane. Vi har difor bokført nedskriving på obligasjonar med 3,5 mill. kr i 2009, mot 2,2 mill. kr i 2008.

Samla driftskostnader for året er 36,0 mill. kr, ein auke på 3,4 mill. kr. Driftskostnadane i % av GFK utgjer 1,37% mot 1,35% i 2008, som samanlikna med andre bankar på vår storleik er godt.

Innskot frå kundar er auka med 45 mill. kr i 2009, eller 2,6%. Samla innskot i forhold til brutto utlån er 79,7%.

I 2009 har utlån til kundar auka med 130 mill. kr, eller 6,2%.

Eigenkapitaldekninga til banken ved årsskiftet er 15,18%.

Resultat pr. aksje er 246 kr, medan matematisk verdi ved årsskiftet er 2.495 kr.

Vi har lagt bak oss eit utfordrande år for finanssektoren, men det gjekk betre enn alle trudde.
For Voss sin del vart spådommen vår i fjor om at bølgjedalen ikkje skulle verta så stor her, kanskje
rett. Nokon har sjølvsagt vorte råka av problem, men for dei fleste har året som gjekk vore av dei aller beste. Tiltakspakkene som styresmaktene sette i verk i fjor vil bygda vår få glede av i åra som kjem, og aktiviteten i nærområdet vårt vil mest truleg halda seg høg. Når no "Vossapakko" endeleg er sett i gang vil det få store ringverknader, og vi ser alle fram til den dagen tungtrafikken vert borte frå sentrum.

Styret meiner at banken med sin solide eigenkapital, sin gode fundingssituasjon, dei solide
tapsavsetjingane og ein nokolunde stabil lokalmarknad, framleis skal vera i stand til å levera
tilfredsstillande resultat framover. Banken sine finansinntekter vil verta påverka av renteutviklinga
i marknaden og utviklinga på aksjebørsane rundt om. Vi forventar ein moderat auke i rentene i løpet av året som kjem.

Fullstendig delårsrapport ligg vedlagd på www.newsweb.no eller www.vekselbanken.no

Source: Millistream