Kommunal- og regionaldepartementet

Det skal bli enklare å pusse opp bad

Pressemelding   •   jun 21, 2011 09:49 CEST

- Unntak frå søknadsplikta for våtromsarbeid i eksisterande bygg skal gjere det enklare og billigare å pusse opp bad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Søknadsplikt (med krav om bruk av ansvarlege føretak) for våtrom blei gjeninnført i 2010. Det er etter kvart blitt avdekka tilfelle av tungvinn og ulik handsaming av søknader og ansvarlege føretak for slike arbeid. Difor sender Kommunal- og regionaldepartementet eit forslag til forenkling av reglane ut på høyring.

- Eg vil gjere det enklare for dei som skal byggje, og gje kommunane større spelerom til å bruke ressursane sine formålstenleg. Difor foreslår eg ein regel om at tiltakshavar sjølv kan velje om han vil søke kommunen eller ikkje ved renovering av våtrom. Det gjeld våtromsarbeid som ikkje inneber brot på brannskilje. Vel tiltakshavar å søkje, kan han anten nytte ansvarlege føretak, eller han kan søkje ansvarsrett som sjølvbyggar, seier Navarsete.

Departementet foreslår i tillegg nokon andre mindre endringar og presiseringar i både forskrift om byggesak og i forskrift om tekniske krav til byggverk. Det gjeld mellom anna kvalifikasjonar og godkjenningsområde for føretak, nabovarsling, bruksendring til driftsbygning og klårgjering av fleire reglar om universell utforming. Endringane skal gjere det enklare for kommunane og dei som byggjer.