Samferdselsdepartementet

Drift av persontransport med tog: Evaluering av konkurranse på Gjøvikbanen

Pressemelding   •   nov 26, 2010 09:10 CET

- Meir enn fem år er gått sidan ein for første gong gjorde bruk av anbodskonkurranse ved drift av persontransport med tog i Noreg. Konkurransen har så langt vore avgrensa til Gjøvikbanen, og tida er no inne for ei evaluering, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Transportøkonomisk institutt, TØI, har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utarbeidd rapporten ”På sporet av konkurranse – Foreløpige erfaringer med anbud på Gjøvikbanen”.

- I rapporten blir det vist til at konkurransen på Gjøvikbanen blei gjennomført på ein god måte, med mellom anna: Ei kostnadsinnsparing på 12 prosent i driftsutgiftene, betre tilbod til dei reisande og utan negative verknader for løns- og  arbeidsforholda til dei tilsette.

- Konkurranse på sporet er likevel ikkje noko sesam-sesam, og løyser ikkje til dømes store problem som heng saman med gamalt togmateriell og nedsliten infrastruktur, seier samferdselsministeren.

Rapporten vil mellom anna vera ein del grunnlaget for å vurdera ein søknad frå Flytoget om å få driva persontransport på strekningar som ligg utanfor det området der selskapet i dag har eit rutetilbod.

Les rapporten - På sporet av konkurranse – Foreløpige erfaringer med anbudet på Gjøvikbanen (pdf)

Flere forskningsrapporter