Skagstind

Dyrsku’n og Fylkesmannen saman om bakekonkurranse!

Pressemelding   •   feb 12, 2016 14:00 CET

I samband med Dyrsku`ns 150 års jubileum har Dyrsku`n og Fylkesmannen i Telemark gått saman om ein bakekonkurranse for Sør Noreg, der vinnarkaka skal leve vidare som eit Dyrskuprodukt og seljast på arrangement, i kantiner og kioskar . Lokalmatprodusentar får derfor ein sjeldant god mogelegheit til å framheve både eigen produksjon og lokale råvarer.

«Vi ser fram til å servere vinnarkaka på jubileumsfesten til Dyrsku`n 9.-11. september», seier prosjektleiar Margit Nordstoga Aasan i Dyrsku`n arrangement. «Me har stor tru på at at me gjennom konkurransen både vil få fram eit strålande produkt og samtidig setje fokus på lokalprodusentar i Sør Noreg og Dyrsku`ns 150 årsjubileum.

«Dette prosjektet skal bidra til å vidareformidle råvarer frå regionen og framheve og synleggjera produsentar. Dette er noko Fylkesmannen er svært opptatt av og ynskjer å skape blest om» seier Matkontakt hos Fylkesmannen Bob Gottschal. « At vi gjennom sjølve konkurransen kan skape merksemd om dei lokale produsentane, samt få eit produkt me med stolthet kan servere både tilreisande, turistar og innbyggerar i regionen er vi svært godt tilfreds med. At kaka skal presenterast for publikum på sjølvaste 150 års jubileet til Dyrsku`n gjev ei ytterlegare fin ramme til prosjektet. Dette er vinn-vinn for alle» avsluttar ein entusiastisk Gottschal som gler seg storvegs til tevlinga skal starte.

Påmeldingsfrist for produkt til bakekonkurransen er 7. mars, og dømminga skal føregå 20. april. 

I juryen sit:

Kristine Ilstad , gründer og drivar av bakebloggen «Det søte liv»,

Aase Jacobsen redaktør i matbladet Aperitif

Helle Jeanette Førland frå kantina på Nome Vidaregåande skule, avd. Søve

Kjøkkensjef ved Dyrsku`n Anette Lindskog Øverbø

Leder for juryen er konditor Lene Lindquist Haugen frå Bakeribua i Bamble.

Påmelding på www.dyrskun.no

For spørsmål kontakt:

Matkontakt hos Fylkesmannen Bob Gottschal tlf. 986 35 015

Dyrsku`n arrangement AS Yvonne Eilefstjønn tlf. 924 56 374