Statistisk sentralbyrå SSB

Eksport av laks. Veketal

Pressemelding   •   feb 17, 2010 12:01 CET

Oppgang i eksportpris for fersk laks

I veke 6 2010 var eksportprisen for fersk laks 34,23 kr/kg, ein oppgang på 7,5 prosent samanlikna med veka tidlegare.

Eksportkvantum for fersk laks i veke 6 enda på 10 929 tonn, ein oppgang på 1 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 10 826 tonn.

I veke 6 blei det eksportert  883 tonn frosen laks og prisen var 33,72 kr/kg.


http://www.ssb.no/laks/