Statistisk sentralbyrå SSB

Eksport av laks. Veketal Oppgang i eksportpris for fersk laks

Pressemelding   •   des 02, 2009 16:11 CET

I veke 48 2009 var eksportprisen for fersk laks 28,55 kr/kg, ein oppgang på 1,2 prosent samanlikna med veka tidlegare.

Eksportkvantum for fersk laks i veke 48 enda på 14 963 tonn, ein oppgang på 5,5 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 14 181 tonn.

I veke 48 blei det eksportert 988 tonn frosen laks og prisen var 31,35 kr/kg.

Veke 48 2009
http://www.ssb.no/laks/