Kulturdepartementet Norge

Ekstraordinært tilskot til hovudanlegg for symjing og stup i Bergen

Pressemelding   •   des 02, 2009 09:38 CET

Kulturdepartementet har gitt tilsegn om eit tilskot på 32,5 millionar kroner til bygging av hovudanlegg for symjing og stup i Bergen.

Tilskotet er ei ekstraordinær støtte gjennom det anleggspolitiske programmet. Av dette kjem 22,5 millionar kroner frå tilskot til spesielt kostnadskrevjande anlegg og 10 millionar kroner frå tilskot til pressområde.

Midlane kjem i tillegg til ordinære spelemidlar til anlegget. Bergen kommune har fått informasjon om at det kan søkjast om 36,2 millionar kroner til anlegget frå dei ordinære spelemidla.

- Bergen blir ofte kalla ”Symjebyen Bergen” og blir gjerne omtala som symjesportens vogge i Noreg”. Eg er difor glad for å kunne bidra til å leggje til rette for at Bergen no får eit hovudanlegg for symjing og stup, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

- Anlegget vil truleg bli eit av dei beste folkehelseanlegga i landet, samtidig som det vil betre vilkåra radikalt også for den organiserte treninga i symjeklubbane. Her vil både helse, symjeopplæring, skoleundervisning, breiddeidrett og toppidrett få eit unikt multianlegg. Anlegget  kan nyttast av dei fleste gruppene samtidig, legg statsråden til.