Statistisk sentralbyrå SSB

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye, 2009

Pressemelding   •   feb 18, 2010 12:01 CET

Stor nedgang i laksefiske i elvane

I alt blei det fiska 370 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2009. Det er 111 tonn, eller 23 prosent, mindre enn i 2008.

Fangsten var fordelt på 312 tonn laks og 59 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein nedgang på 27 prosent for laks og ein auke på 5 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 3,8 kilo i 2008 til 3,5 kilo i 2009. 28 prosent av laksen vog under 3 kg, 34 prosent mellom 3 og 7 kg og 38 prosent over 7 kg.

Fangsten i Tanavassdraget blei nær halvert samanlikna med 2008, men dette var likevel det viktigaste vassdraget i 2009. Deretter følgde Gaula, Namsenvassdraget, Orkla og Altaelva.

Det var nedgang i fangstane i alle fylka bortsett frå Møre og Romsdal og Buskerud. Finnmark og Trøndelagsfylka hadde størst nedgang. Likevel blei til saman halvparten av elvefangsten teke i desse tre fylka i 2009.

[Figur: Elvefiske etter laks. 2000-2009. Tonn]

[Tabell: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Heile landet. 2007-2009. Tonn og 1 000 stk.]

[Tabell: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Elvar/vassdrag med størst fangst. 2007-2009. Tonn og 1 000 stk .]

[Tabell: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst etter vektklasse og fylke. 2009. Kg]

Ein del fangar og slepp

I 2009 blei det for første gong samla inn opplysningar om fisk som blei sett levande ut i elva igjen. Til saman gjaldt dette 10 100 fiskar, fordelt på 6 700 laks og 3 400 sjøaure og sjørøye. Orkla og Gaula var dei viktigaste vassdraga for dette fisket, med respektive 1 196 og 1 177
fiskar.

Sør-Trøndelag var det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, med 1 762 laks og 628 sjøaure. Deretter følgde Finnmark og Sogn og Fjordane.

Gjennomsnittsvekta for fisk som blei sleppte ut igjen var 4,8 kg for laks og 1,0 kg for sjøaure og sjørøye.

[Tabell: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst som blei sleppt ut igjen, etter vektklasse og fylke. 2009. Kg]

http://www.ssb.no/elvefiske/