Statens landbruksforvaltning, SLF

Endra konkurranse gir nye tilskotsatsar i RÅK-ordninga

Pressemelding   •   des 08, 2009 16:35 CET

Høgare mjølkeprisar i EU gir lågare satsar for prisnedskriving til industrielt tilarbeidde meierivarer. Omvendt er det for storfekjøt, der prisane har gått ned på verdsmarknaden samtidig som norsk storfekjøt har blitt noko dyrare. Tilskota må aukast for å kompensere for skilnaden mellom norsk og internasjonal råvarepris.

Den 8.desember 2009 fastsette Landbruks- og matdepartementet (LMD) tilskotsatsar i RÅK-ordninga. Dei nye satsane gjeld frå 1. januar 2010.

Dei nye satsane finn du i forskrifta


Endra tilskotsatsar
Det blir gjeve tilskot for bruk av enkelte råvarer av mjølk, kjøt, egg, korn og potet når desse blir nytta til industrielt tilarbeidde jordbruksvarer. Statens landbruksforvaltning (SLF) følgjer prisutviklinga og konkurransesituasjonen jamnt, og vurderer om ein treng å endra tilskotsatsar i RÅK-ordninga både i form av eksportstøtte (XR) og prisnedskrivning (PNS).

Dersom det er naudsynt gjev SLF råd til LMD om at satsene må endrast. Utvikling i og forventning om prisar og valutakursar syner at det er grunnlag for endringar, og LMD har fastsett nye tilskotsatsar frå 1. januar 2010. Dei største endringane gjeld satsar for meieriråvarer og for storkjøtsortering.

Prisutvikling for meieriråvarer
Norske prisar gjekk opp hausten 2009, og fleire prisar blir justerte som følgje av endringar i prisutjamningsordninga for mjølk (PU) frå 1. januar 2010. Internasjonale prisar var lågare i 2009 enn på fleire år.

Tidleg i 2009 innførde EU eksportstøtte for smør, skummamjølkpulver og heilmjølkpulver. Prisane sank kraftig, og bønder og fleire medlemsland kravde at EU-kommisjonen greip inn for å regulere marknaden. EU har kjøpt inn store mengder smør og skummamjølkpulver til intervensjon. Prisane har stige kraftig i løpet av hausten, og det same ser ein i den asiatiske mjølkemarknaden. Det er venta at dei internasjonale prisane skal halde fram å stige, men det er usikkert kor mykje. Internasjonale prisar har auka meir enn prisauken for norske råvarer. Dette gir lågare tilskotsatsar for dei fleste meieriråvarene.

Prisutvikling for storfekjøtsortering
Norske prisar på storfekjøt har auka i 2009.  Samtidig har tilbakegangen i verdsøkonomien gitt redusert etterspurnad etter storfekjøt, medan produksjonen er som før. Totalt har situasjonen gitt reduserte prisar på verdsmarknaden. Dette påverkar prissettinga også for norske kjøtvarer. Norsk pris på biffar og filetar er redusert, medan norsk pris for storfekjøtsortering har gått opp. Med auke i norske prisar og prisreduksjonar på verdsmarknaden syner konkurransesituasjonen at tilskotsatsane må aukast.

Andre råvarer
Med grunnlag i konkurransesituasjonen vert det nokre endringer i tilskotsatsen for fjørfekjøt og fårekjøtsortering. Det blir ingen endringar i tilskotsatsane for svinekjøttsortering, potet og potetråvarer eller eggprodukter.

10. juni 2009 fastsette Landbruks- og matdepartementet (LMD) ”Forskrift nr. 636 om råvareprisutjevning for bearbeidede jordbruksvarer” (RÅK-ordninga). Den nye forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.

Meir informasjon om det nye RÅK-regelverket finn du her.

 

Kontaktperson:
Rådgjevar Aud-Karin Hovi, tlf. 24 13 12 83