Statens landbruksforvaltning, SLF

Endra regelverk for råvareprisutjamning (RÅK) frå nyttår

Pressemelding   •   jan 11, 2010 16:13 CET

Frå nyttår er dei to ordningane som regulerer tilskot til eksport og prisnedskriving for bearbeidde matvarer erstatta av ei ordning. Fire forskrifter er no samla i ei forskrift som omhandlar råvareprisutjamning for bearbeidde jordbruksvarer.

10. juni 2009 fastsette Landbruks- og matdepartementet (LMD) ”Forskrift nr. 636 om råvareprisutjevning for bearbeidede jordbruksvarer” (Forskrift om råvareprisutjaminga). Den nye forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.

Ordninga skal sikre avtak av norskproduserte jordbruksråvarer gjennom å kompensere for forskjellane i råvareprisar mellom Noreg og utlandet. Formålet med å utarbeide den nye forskrifta var å forenkle og samle regelverket. Slik vart fire forskrifter som regulerte prisnedskrivning (PNS) og eksportrestitusjon (XR) til industrielt bearbeidde jordbruksråvarer oppheva og erstatta av ei ny forskrift.

Matindustri som søkjer om råvareprisutjamning, enten i form av prisnedskrivning eller eksportrestitusjon, må melde inn reseptane sine til Statens landbruksforvalting på nytt om dei ikkje allereie har gjort det.

Innmelding av reseptar
Alle reseptar for varer som skal seljast etter 1. januar 2010 må meldast inn på nye innmeldingsskjema for reseptar.

Søknadsskjema for PNS og XR er uendra.

Nye tilskotssatsar frå 1. januar 2010
Satsane som vart kunngjorde 4. des. 2009 var opphavleg feil for desse råvarene:
1701 – Skummetmelkpulver til iskrem
40200 – Glukose, glukosesirup (dekstrose)
Dette er retta opp.

Kontaktperson:
Rådgjevar Aud-Karin Hovi, tlf. 24 13 12 83