Samferdselsdepartementet

Endringar i vegtrafikklova skal bidra til betre trafikktryggleik

Pressemelding   •   okt 29, 2010 16:29 CEST

- Vi skal betra trafikktryggleiken og ha nulltoleranse for køyring i narkotikarus, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Føremålet med lovendringane er å betra trafikktryggleiken og leggja til rette for meir effektiv ressursbruk hjå politi, påtalemakt og domstolar. Lovendringane vil gi betre samsvar i vegtrafikklova mellom reglane om alkoholpåverka køyring og reguleringa av køyring under påverknad av anna rus enn alkohol.

- Køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol er eit monaleg trafikktryggleiksproblem og omfanget av slik køyring har auka dei siste 10-20 åra, seier samferdselsministeren.

Av dei viktigaste forslaga til lovendringar kan nemnast:

  • Innføring av låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av anna rus enn alkohol etter vegtrafikklova. Forslaget er basert på eit nulltoleranseprinsipp.
  • Lovheimel for politiet til å utføra førebels hurtigtesting ved trafikkontroll for å avdekkja mogleg påverknad av andre stoff enn alkohol. Positiv test vil måtta fylgjast opp med blodprøve og klinisk lækjarundersøking.
  • Innføring av straffeskjerpande utmålingsreglar også for narkotikapåverka køyring og forenkling av straffeutmålingsreglane for alkohol og anna rus.
  • Innføring av tap av førarett ved straff for køyring med låg ruspåverknad for personar som har føraretten på prøve - uavhengig av om påverknaden skuldast alkohol eller narkotika.

Meir informasjon og peikar til lovendringa:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/2010/endringar-i-vegtrafikklova-skal-bidra-ti.html?id=622260

Pressevakt: 919 14 777