Samferdselsdepartementet

Endringar i vegtrafikklova skal bidra til betre trafikktryggleik

Pressemelding   •   nov 01, 2010 10:09 CET

- Vi skal betra trafikktryggleiken og ha nulltoleranse for køyring i narkotikarus, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Føremålet med lovendringane er å betra trafikktryggleiken og leggja til rette for meir effektiv ressursbruk hjå politi, påtalemakt og domstolar. Lovendringane vil gi betre samsvar i vegtrafikklova mellom reglane om alkoholpåverka køyring og reguleringa av køyring under påverknad av anna rus enn alkohol.

- Køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol er eit monaleg trafikktryggleiksproblem og omfanget av slik køyring har auka dei siste 10-20 åra, seier samferdselsministeren.

Av dei viktigaste forslaga til lovendringar kan nemnast:

  • Innføring av låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av anna rus enn alkohol etter vegtrafikklova. Forslaget er basert på eit nulltoleranseprinsipp.
  • Lovheimel for politiet til å utføra førebels hurtigtesting ved trafikkontroll for å avdekkja mogleg påverknad av andre stoff enn alkohol. Positiv test vil måtta fylgjast opp med blodprøve og klinisk lækjarundersøking.
  • Innføring av straffeskjerpande utmålingsreglar også for narkotikapåverka køyring og forenkling av straffeutmålingsreglane for alkohol og anna rus.
  • Innføring av tap av førarett ved straff for køyring med låg ruspåverknad for personar som har føraretten på prøve - uavhengig av om påverknaden skuldast alkohol eller narkotika.


For fleire opplysningar – sjå:

Prop. 9 L (2010-2011) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Pressevakta i Samferdselsdepartementet har telefon 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)