Kommunal- og regionaldepartementet

Enklare å innlemme dotterselskap i bustadbyggjelag

Pressemelding   •   jun 15, 2011 15:21 CEST

- Regjeringa vil gjere det enklare for bustadbyggelaga å organisere seg på best teneleg måte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I dag må bustadbyggjelag som ønskjer å innlemme heileigde dotteraksjeselskap i verksemda si, avvikle dotterselskapet før verdiane i selskapet kan overførast til bustadbyggjelaget.
 
- Dette er ressurskrevjande og fordyrande. Ei slik avvikling utløyser også krav om dokumentavgift og tinglysningsgebyr. Ulempene har vore så store at bustadbyggjelag ikkje har organisert seg slik dei meiner er best teneleg. Eg ynskjer å forenkle og rette opp dette, seier statsråd Navarsete.

Regjeringa sender difor på høyring framlegg om å innføre ei ny føresegn i bustadbyggjelagslova som gjer det mogeleg å innlemme heileigde dotteraksjeselskap i bustadbyggjelaget. Føresegna vil spare laga for dokumentavgift og tinglysningsgebyr.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.