Utlendingsdirektoratet (UDI),

Enklare for grensebuarar å reise til Russland

Pressemelding   •   nov 05, 2010 16:05 CET

Noreg og Russland har underteikna ein avtale som gjer det enklare for innbyggjarane som bur mindre enn 30 kilometer frå grensa å besøke eller opphalde seg i grenseområdet.

Innbyggjarane i dei delane av Noreg og Russland som ligg mindre enn 30 kilometer frå grensa, samt heile Korzunovo kommune, vil kunne søkje om grensebuarbevis. Innehavarar kan opphalde seg i opptil 15 dagar i strekk i grenseområdet i den andre staten utan visum. Avtalen vil omfatte opptil 9000 personar i Sør-Varanger kommune og opptil 45 000 personar i Petsjenga rajon på russisk side.    I samband med det andre utanriksministermøtet i Den nordlege dimensjon i Oslo 2. november underteikna Noreg og Russland ein avtale om forenkling av reiser for grensebuarar i Noreg og Russland.   - Eg er godt nøgd med at denne avtalen kjem på plass. Vi har i seinare tid òg styrkt samarbeidet med russiske myndigheiter på justissektoren, og vi har ein avtale om tilbaketaking av personar utan lovleg opphald. Den fungerer godt, seier justisminister Knut Storberget.   Sjå pressemelding frå Utenriksdepartementet: Noreg og Russland underteiknar avtale om grensebuarbevis