Miljøverndepartementet

Erik Solheim besøkjer Bergen og Mongstad

Pressemelding   •   sep 24, 2010 09:24 CEST

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Bergen og Mongstad tysdag 28. september. Solheim byrjar dagen i Bergen kl. 0900. Han skal opne den internasjonale konferansen «Achieving Transparency: A Dialogue for Action» om eit meir gjennomsiktig globalt finanssystem. Konferansen finn stad på Radisson Blu Hotel Norge.

Etter det, dreg han til Mongstad, der han skal få ein oppdatering om arbeidet med testanlegget for rensing av CO2. Han skal sjå kva som har skjedd på anlegget sidan sist han var der.


Attende i Bergen deltek deltek Solheim klokka 1500 på lansering av pilotprosjektet Redesign, eit samarbeid om forbruk og gjenbruk mellom Klimaløftet og Bergen kommune. Solheim deltek saman med byråd for byutvikling, klima og miljø, Lisbeth Iversen. Staden for dette er Fretex sin butikk i Bergen sentrum.


Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg, tlf 90569495