Utenriksdepartementet

Erik Solheim reiser til Haiti

Pressemelding   •   feb 16, 2010 15:45 CET

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim reiser til Haiti i april. Han vil òg vitje Den dominikanske republikk.

Etter jordskjelvet som ramma Haiti 12. januar i år gav Noreg 200 millionar kroner i naudhjelp. Solheim vil sjå nærare på korleis hjelpa til dei jordskjelvramma har verka.

Til same tid er reisa viktig for å vurdere korleis Noreg kan bidra til gjenreising og utvikling i Haiti. Solheim gjestar derfor òg nabolandet Den dominikanske republikk.

Generalsekretær Børge Brende i Norges Røde Kors og utanlandssjef Anne Kristin Sydnes i Kirkens Nødhjelp deltek på reisa. Dei to organisasjonane er mellom dei som har fått økonomisk støtte frå Utanriksdepartementet til hjelpearbeid i Haiti.

Les meir om støtten til Haiti her.

Vi ber journalistar/fotografar som ynskjer å dekke reisa snarast ta kontakt.

Vi minner samstundes om Solheim sine planlagde reiser til Afrika og Nepal.

Pressekontakt: Informasjonsrådgivar Wera Helstrøm (med på reisa), mobil 994 09 323, e-post: weh@mfa.no.

***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 33. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.