Fiskeri- og kystdepartementet

Fempartsavtale om norsk vårgytande sild for 2011

Pressemelding   •   okt 25, 2010 09:36 CEST

Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland har inngått ein avtale om forvaltninga av norsk vårgytande sild for 2011. Totalkvoten neste år blir på 988 000 tonn. Noreg sin del av dette på 61 prosent ligg fast og utgjer 602 680 tonn.

Tilstanden til bestanden er god og bestanden blir hausta berekraftig. Kvoten neste år er likevel redusert frå 1.483 000 tonn i 2010.  Grunnen til det er svak rekruttering og små årsklasser etter 2004. Kvoten for 2011 er fastsett i samsvar med den forvaltningsplanen kyststatane har fastsett og med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen som har som formål å sikre eit høgst mogleg langtidsutbytte.

Partane har avtalt tilgang til kvarandre sine soner på same relative nivå som i år.

Kontakt: Avdelingsdirektør Sigrun M. Holst tlf. 91898733