Kulturdepartementet Norge

Fleirbrukshall i Langhus får 3 millionar i tilskot

Pressemelding   •   des 16, 2009 09:10 CET

Kulturdepartementet har bestemt at 3 millionar kroner frå det anleggspolitiske programmet skal disponerast til ein ny fleirbrukshall i Langhus.

- Den nye idrettshallen blir ein dobbel fleirbrukshall med to speleflater for handball. Fleirbrukshallen er sterkt etterspurd som anlegg for barn og ungdom, breiddeidrett og skole. I tillegg har Follo Håndballklubb, som er i eliteserien i handball for menn, behov for ein arena som tilfredsstiller krava til Norges Håndballforbund, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Det anleggspolitiske programmet for 2007 til 2010 skal mellom anna stimulere til meir og betre utbygging av idrettsanlegg i folketette område. Programsatsinga skal òg bidra til ein planmessig og behovsstyrt utbygging av større kostnadskrevjande anlegg. Det er planlagt ei avsetjing på om lag 250 millionar kroner i spelemidlar til anlegg i pressområde, til særleg kostnadskrevjande idrettsanlegg og til utstyr.