Kulturdepartementet Norge

Fleirbrukshall på Greverud får 4 millionar i tilskot

Pressemelding   •   des 16, 2009 09:09 CET

Kulturdepartementet har bestemt at 4 millionar kroner frå det anleggspolitiske programmet skal disponerast til ein ny fleirbrukshall på Greverud i Oppegård.

- Den nye idrettshallen blir ein fleirbrukshall primært for barne-, ungdoms- og breiddeidretten i eit område med stort behov for fleire idrettsanlegg. Oppegård kommune er eit folketett område som er i sterk vekst. Det er viktig å kunne bidra til ei god utvikling i kommunen, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Det anleggspolitiske programmet for 2007 til 2010 skal mellom anna stimulere til meir og betre utbygging av idrettsanlegg i folketette område. Programsatsinga skal òg bidra til ein planmessig og behovsstyrt utbygging av større kostnadskrevjande anlegg. Det er planlagt ei avsetjing på om lag 250 millionar kroner i spelemidlar til anlegg i pressområde, til særleg kostnadskrevjande idrettsanlegg og til utstyr.