Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Fleire bytta kraftleverandør i fjerde kvartal

Pressemelding   •   feb 12, 2010 13:56 CET

53 700 hushaldskundar skifta kraftleverandør i fjerde kvartal 2009. Det er ei auke på 20 prosent frå kvartalet før. Bland næringskundane var aukinga frå tredje til fjerne kvartal på heile 49 prosent.
NVE sin leverandørskifteundersøking synar og at det har vore ei auke i talet på leverandørskifte frå fjerde kvartal 2008. Medan 53 700 hushaldskundar skifta kraftleverandør dei tre siste månadene i 2009, var talet for tilsvarande kvartal i fjor 51 700.

- Kaldt ver og høgare straumprisar i delar av landet i vekene før jul, kan ha gjort folk merksame på skilnaden i prisar mellom kraftleverandørane. Vi ser ofte at fleire skiftar kraftleverandør i periodar med høge prisar, seier Thor Erik Grammeltvedt, seksjonssjef i NVE.

Det er ikkje berre hushaldskundane som er merksame på prisskilnadene. Omlag 5 800 næringskundar skifta leverandør i 4. kvartal 2009, mot 3 900 leverandørskifte i 3. kvartal. Det er ei auke på heile 49 prosent. Til samanlikning skifta 5 300 leverandør i 4. kvartal 2008.

Leverandørskifteundersøkinga til NVE visar at spotpriskontrakt er vanlegast både bland næringskundar og bland hushaldskundar. Heile 68,2 prosent av næringskundane hadde spotpriskontrakt i 2009.

Ved utgangen av året var det 2,4 prosent av hushaldskundane som var utan kraftleverandør, og fekk levert straum frå nettselskapet gjennom den dyrare leveringspliktordninga. Ein av årsakene til at kundar får straum på leveringsplikt er at dei ikkje sjølve har valt ein kraftleverandør.
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Thor Erik Grammeltvedt, tlf. 22 95 94 95.
Rådgjevar Hege Bøhler, tlf. 22 95 94 15.

Lenker
http://www.nve.no