Kommunal- og regionaldepartementet

Fleire får hjelp til buutgiftene

Pressemelding   •   feb 18, 2010 14:39 CET

Om lag 13 400 fleire fekk bustøtte i desember 2009 samanlikna med same tid i 2008. I løpet av 2009, var hele 136.000 husstandar innom bustøtteordninga ein eller fleire gonger. Fleire barnefamiliar og unge einslege får no hjelp til buutgiftene.

– Det er gledeleg at vi allereie no kan sjå så tydelege resultat av ei styrkt bustøtte. Det vitnar om kor effektivt verkemiddel bustøtta er, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Med unntak av studentar og militære, kan no alle som har låg inntekt og høge buutgifter få bustøtte. I den nye bustøtta kan inntekta også vere frå sosialhjelp og arbeid. Dei som bur i ein eittroms leilegheit kan også få støtte, noko dei ikkje kunne tidlegare.

For barnefamiliar er inntektsgrensene auka og dei får utbetalt meir. Ved utgongen av desember 2009 fekk meir enn 2 200 fleire barnefamiliar bustøtte samanlikna med året før. Den største auken har likevel kome blant relativt unge einslege med svært låg inntekt og høge buutgifter. I desember har auken vore på nesten 10 000 husstandar.

Nytt regelverk frå og med 1. juli 2009 sikrar at fleire får hjelp. Rundt 2 000 nye husstandar er venta inn i ordninga kvar månad.  I statsbudsjettet for 2010 ligg det 3,6 mrd. kr til bustøtte, nesten 1 mrd. kr meir enn i 2009.

Eit av føremåla med ei styrkt bustøtte var å nå ut til dei som tidligare var ekskluderte frå ordninga. Mange av dei er i ein kritisk periode av livet, til dømes ved at dei går ut og inn av arbeidsmarknaden og har problem med å etablere seg. Einskilde står også i fare for å bli bustadlause.

Både Husbanken og kommunane har gjort ein betydeleg innsats med å informere om dei nye moglegheitene i bustøtta. Målet er at flest mogleg av dei som har krav på støtte, faktisk får det.

– Eg oppmodar alle kommunar til å halde fram informasjonsarbeidet slik at bustøtta når ut til flest muleg av dei som treng ho, oppmodar ministeren.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.