Kommunal- og regionaldepartementet

Flyttar 1/3 av Statens Bygningstekniske etat frå Oslo til Gjøvik

Pressemelding   •   nov 19, 2010 09:18 CET

- Regjeringa ønskjer at folk skal kunne bu og leve godt over heile landet. Då er det viktig med arbeidsplassar – ikkje minst kompetansearbeidsplassar. Difor flyttar vi 1/3 av Statens Bygningstekniske etat (BE) frå Oslo til Gjøvik, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Flyttinga skal skje innan 1.1.2012. Avdelinga som skal flytte, driv med sentral godkjenning av føretak som kan ha ansvar i byggjesaker og har i dag 22 av BE sine 60 tilsette.

- Eg har forståing for at flytting påverkar dei tilsette, men eg har stor tru på at leiinga i BE vil gjennomføre gode prosessar både med organisasjonane og den enkelte som er tilsett. BE skal i det komande året finne nye lokale for verksemda. Difor er det eit godt tidspunkt å leggje deler av etaten utanfor Oslo, seier Navarsete.

Navarsete peikar på at det er viktig å nytte potensialet som finst for verdiskaping i distrikta.

- Godt fungerande tettstader og byar er ein føresetnad for livskraftige regionar, tilflytting og verdiskaping, seier statsråden.

Nærleik til flyplass, gode kommunikasjonstilhøve og ein arbeidsmarknad som strekk seg over store deler av Hedmark og Oppland var viktige grunnar til at Gjøvik blei vald.

- Den sentrale godkjenningsordninga driv tilsyn i heile landet, og treng god kommunikasjon til resten av BE og andre samarbeidspartnarar. Dessutan tilbyr Høgskulen i Gjøvik byggfag, og kan vere ein aktuell arena å rekruttere morgondagens tilsette frå.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.