Statens landbruksforvaltning, SLF

Forskingsprioriteringar i landbruks- og matsektoren

Pressemelding   •   feb 22, 2010 12:02 CET

Onsdag 17. februar arrangerte styra for Fondet for forskningsavgift på landbruksvarer (FFL) og Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA) arbeidsseminar. Tema for seminaret var forskingsprioriteringar i landbruks- og matsektoren.

Målet for seminaret var å få innspel frå næringsaktørane til kva område som skal prioriterast i årets utlysing av forskingsmidlane. I tillegg var det viktig å legge til rette for at folk frå næring, forsking og forvaltning fekk treffe kvarandre. Statens landbruksforvaltning er sekretariat for styra, og har stått for den praktiske tilrettelegginga av seminaret. "Vi er veldig nøgde med gjennomføringa av seminaret. Dette er første gong forskingstyra arrangerer eit slikt arbeidsseminar, og vi har fått mange nyttige erfaringar å ta med vidare", fortel styreleiar for FFL/JA Per Harald Grue.

Dei innspela som kom fram i løpet av seminaret, saman med skriftlege innspel frå ulike aktørar, legg grunnlag for årets utlysning av forskingsmidlane. Utlysinga av forskingsmidlane vert lagt ut på nettsidene til Norges Forskningsråd og Statens landbruksforvaltning omkring 15. mars. Nærmare informasjon om dette kjem her på våre nettsider.