Finansdepartementet Norge

Fullmakt til opptak av statslån i 2011

Pressemelding   •   nov 05, 2010 16:45 CET

Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån o.a. i 2011.

I tråd med dei etablerte retningslinene for budsjettpolitikken vert overskotet på statsbudsjettet  motsvara av ei like stor avsetning til Statens pensjonsfond utland. Samstundes låner staten i marknaden for refinansiere gamle statslån og for å finansiere statsbankane og sitt eigarskap i norsk næringsliv. Å oppretthalde ein statspapirmarknad på denne måten er og viktig for å gi den private lånemarknaden ei risikofri referanserente. I tillegg må staten ha ein tilstrekkeleg kontantbehaldning til å kunne dekke opp dei store svingingane i skatteinnbetalingane.

Statens brutto finansieringsbehov i 2011 er berekna til 59,5 mrd. kroner. Finansieringsbehovet vil etter planen verte dekka ved opptak av nye lån innanlands og ved trekk på kontantbehaldninga.

Erfaringsmessig er det ønskjeleg å ha fleksibilitet til å kunne tilpasse låneprogrammet til skiftande tilhøve gjennom året. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 50 mrd. kroner, og fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar) er foreslått sett til 300 mrd. kroner. Statskassevekslar som vert nytta i ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett, er inkludert i denne fullmakta.

I proposisjonen vert det også opplyst at Finansdepartementet vurderer eit råd frå Noregs Bank om å gje eit tilbod om førtidig innfriing i byteordninga som vart etablert hausten 2008

I desember vil Finansdepartementet og Noregs Bank offentleggjere ein auksjonskalender for sal av statsobligasjonar og statskassevekslar i 2011.