Fiskeridirektoratet

Fylkeskommunane på opplæring

Pressemelding   •   jan 15, 2010 13:36 CET

I samband med forvaltingsreforma vart ansvaret for tildeling av dei vanlegaste akvakulturløyva overført frå Fiskeridirektoratet til fylkeskommunane frå nyttår.

Deltakarar og kurshaldarar frå venstre: Jon Albert Haagensen frå Østfold fylkeskommune, Bente Halsteinsen frå Kyst- og havbruksavdelinga, Sissel Holien og Solveig Skei Knudtsen frå Nord-Trøndelag fylkeskommune, Elisabeth Karlsen frå Nordland fylkeskommune, John Ekrem og Bjørn Grenne frå Nord-Trøndelag fylkeskommune og Anita Nygård Reistad frå Kyst- og havbruksavdelinga. Foto: © Fiskeridirektoratet.

No er fylkeskommunane på kurs hjå Fiskeridirektoratet for å lære om akvakulturregisteret.

– Fiskeridirektoratet arrangerar no ei kursrekkje der deltakarar frå fylkeskommunane vert opplærte i å registrere opplysingar i akvakulturregisteret. Det er framleis Fiskeridirektoratet som eig dette registeret, og vi kvalitetssikrar framleis dei data som vert lagt inn i registeret, seier Bente Halsteinsen.

Også bruk av kart og kopling av registeret til Fiskeridirektoratet si kartløysing vert gjennomgått på kurset.

Brukarstøtte
Halsteinsen og Anita Nygård Reistad frå Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet utgjer brukarstøtta for fylkeskommunane i dette arbeidet.

– Kurset som vi arrangerte tysdag og onsdag var eit av totalt tre. På dette kurset var det Nord-Trøndelag, Nordland og Østfold som fekk opplæring. Vi reknar med å vere ferdige med opplæringa av alle fylkeskommunane i midten av februar, fortel Reistad.

Realregister
Akvakulturregisteret er eit realregister, det vil seie eit offentleg register der rettar til formuesgoder kan verte registrerte slik at dei oppnår rettsvern. Fiskeridirektoratet er andre kontrollinstans når data som er ført i registeret vert kvalitetssikra.

– Då ser vi på vedtaket der løyve er gjeve, og så kontrollerar vi opplysingane i vedtaket opp mot dei opplysingane som er ført inn i registeret, seier Reistad.

Les mer

«Fylkeskommunene i farta!» (17.12.09)

 

«Endret akvakulturforvaltning» (05.01.10)