Helse- og omsorgsdepartementet

Fylkeslege Petter Øgar ny ekspedisjonssjef

Pressemelding   •   sep 03, 2010 17:11 CEST

Petter Øgar er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Kommunetjenesteavdelinga i Helse- og omsorgsdepartementet.

Øgar (56) kjem frå stillinga som fylkeslege i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare vore prosjektdirektør i Helsedirektoratet, konstituert assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane og konstituert helsedirektør i Statens helsetilsyn.

Øgar har også hatt ulike stillingar som lege på sjukehus og i kommunar.
Han er spesialist i samfunnsmedisin.