Norsk kulturråd

Gir 20 millionar til arkiv og museum

Pressemelding   •   feb 01, 2011 14:35 CET

Norsk kulturråd har fordelt 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum. Pengane skal gå til nyskapande formidlingsprosjekt og ei betre sikring og forvaltning av samlingane. I 2011 vert det igangsett fleire prosjekt der institusjonane utviklar ei digital formidling til mobile einingar. Det er eit mål at mest mogleg av samlingane skal bli tilgjengelege for publikum på nettet.


60 prosjekt får 19 757 000 kroner til formidling, forvalting og tilgjengeleggjering av samlingane
- Det er viktig å byggje opp ein infrastruktur som gjer samlingane i norske arkiv og museum tilgjengelege på nett, seier direktør Anne Aasheim i Norsk kulturråd. - Vi har vore på jakt etter fysiske eller digitale utviklingsprosjekt. Det er lagt vekt på at prosjekta har stor overføringsverdi og byggjer faglege nettverk.
Pressemeldingar

Tyskerjentene fram i lyset

Kultur og opplevelser til din mobil

Husker du? Museum for aldersdemente

Unikt kildemateriale om fattigdom

Olav Duun på nett

Vil høre romfolkets egen stemme

Skal samle inn historier ved båle t

Digital tidslinje for norsk pop- og rockhistorie

Stadnamn i Nordland på nett

Seks fotballbaner med museumsgjenstander i Oslo
Fakta om tildelinga

I 2011 deler Norsk kulturråds administrasjon ut 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum.

Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Sikringsmidlane vert offentleggjort 8. februar.

Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.
Sjå alle tildelingane her

Pressekontakt

Informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye@kulturrad.no

Lenker