Statistisk sentralbyrå SSB

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg, desember 2009 Årsvekst i HKPI på 2,3 prosent

Pressemelding   •   jan 12, 2010 09:23 CET

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,2 prosent frå november til desember i fjor. Auke i pris på elektrisitet og flyreiser medverka mest til oppgangen, medan reduserte prisar på klede drog i motsett retning. Frå 2008 til 2009 steig HKPI med 2,3 prosent.Detaljerte tal for desember blir publisert på Eurostat sine heimesider 15. januar.

HKPI for Noreg var 110,3 (2005=100) i desember 2009 mot 107,7 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for desember på 2,4 prosent, noko som er ein oppgang på 0,5 prosentpoeng frå november. HKPI auka i gjennomsnitt med 2,3 prosent frå 2008 til 2009. Auka i prisane på matvarer var den viktigaste årsaka til årsveksten. Andre viktige faktorar bak årsveksten var prisane på kulturelle tenester, samt prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk.


Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.


Førebelse tal for november 2009 viser at HKPI for EU og EØS begge var 110,1, medan HKPI for euroområdet var 108,5. Tolvmånadersveksten i HKPI i november var 1,1 prosent for EØS, 1,0 prosent for EU og 0,5 prosent i euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten for desember 2009 på førehand estimert til 0,9 prosent.


Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent

Tabell: http://www.ssb.no/hkpi/