Statistisk sentralbyrå SSB

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg, januar 2010

Pressemelding   •   feb 11, 2010 10:07 CET

Svak nedgang i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk ned 0,1 prosent frå desember i fjor til januar i år. Prisane på elektrisitet og drivstoff auka, medan prisane på klede og sko samt møblar gjekk ned.

HKPI for Noreg var 110,2 (2005=100) i januar 2010 mot 107,3 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for januar på 2,7 prosent, noko som er ein oppgang på 0,3 prosentpoeng frå desember i fjor.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for desember 2009 viser at HKPI for EU og EØS begge var 110,3, medan HKPI for euroområdet var 108,9. Tolvmånadersveksten i HKPI i desember var 1,4 prosent for både EØS og EU, medan veksten i euroområdet var på 0,9 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for januar 2010 på førehand estimert til 1,0 prosent.

Detaljerte tal for januar blir publisert på Eurostat sine heimesider 26. februar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
Tabell: http://www.ssb.no/hkpi/