Statistisk sentralbyrå SSB

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg, november 2009 Auke i HKPI

Pressemelding   •   des 10, 2009 10:04 CET

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,4 prosent frå oktober til november i år. Auke i pris på elektrisitet, drivstoff og matvarer medverka mest til oppgangen, medan reduserte flyprisar drog i motsett retning.

HKPI for Noreg var 110,1 (2005=100) i november 2009 mot 108,0 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for november på 1,9 prosent, som er ein oppgang på 1,1 prosentpoeng frå oktober.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for oktober 2009 viser at HKPI for EU og EØS var 109,9, medan HKPI for euroområdet var 108,4. Tolvmånadersveksten i HKPI i oktober var 0,5 prosent for EU og EØS, og -0,1 prosent i euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten for november 2009 på førehand estimert til 0,6 prosent.

Detaljerte tal for oktober blir publisert på Eurostat sine heimesider 16. desember.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent

Tabell;http://www.ssb.no/hkpi/