Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Høgt kraftforbruk og lite tilsig i 4. kvartal

Pressemelding   •   feb 16, 2011 10:15 CET

I fjerde kvartal 2010 var det norske kraftforbruket rekordhøge 37,7 TWh, medan det nyttbare tilsiget til magasina var 4,9 TWh mindre enn normalt. Kraftprisane steig med mellom 31 og 48 prosent i dei ulike delane av Noreg frå 3. til 4. kvartal.

Kaldt vêr medvirka til at det norske kraftforbruket i fjerde kvartal vart 1,9 TWh høgare enn forbruksrekorden frå 2007. Forbruket på 37,7 TWh er 2 TWh høgare enn tilsvarande kvartal i 2009. Korrigert til normale temperaturar auka forbruket med 0,5 TWh i forhold til 4. kvartal 2009. Totalt i 2010 var forbruket 130,4 TWh, og det er ny rekord.

Det kom 25,9 TWh nedbørenergi i 4. kvartal. Det er 13,4 TWh mindre enn normalt. Tilsiget til dei norske magasina var 17,3 TWh, og det er 4,9 TWh mindre enn normalt. Totalt i 2010 var tilsiget 100,7 TWh, heile 24 TWh mindre enn i 2009.

I eit normalår er tilsiget 122,5 TWh. Ved utgangen av fjerde kvartal 2010 var fyllingsgraden i dei norske magasina 45,3 prosent. Dette er 26,3 prosentpoeng under det normale for årstida, og det lågaste som er registrert i perioden 1982-2010.

- Det kalde og tørre vêret i fjerde kvartal medvirka til nedtapping av vassmagasina og til høge kraftprisar. Totalt i 2010 har det norske kraftforbruket vore 30 prosent høgare enn tilsiget til magasina. Høg import har medverka til å sikre kraftforsyninga og til at kraftprisane ikkje har stege enda meir, seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

Det kalde og tørre vêret medvirka til at børsprisane på elektrisk kraft auka med mellom 31 og 48 prosent frå 3. kvartal 2010. I gjennomsnitt var prisen i fjerde kvartal 50,9, 47,6 og 50,7 øre/kWh høvesvis i Aust-, Sørvest- og Vest-Noreg. I Midt- og Nord-Noreg var prisen 54,1 og 54,0 øre/kWh.

- Kraftforbruket var rekordhøgt i heile Norden i fjerde kvartal, og også i dei andre nordiske landa auka prisen på elektrisk kraft. Det høge kraftforbruket har samanheng med kaldare vêr og auka aktivitetsnivå i næringslivet, påpeikar Fossdal.

Det var til saman ein nordisk nettoimport på 18,8 TWh i 2010, som er rekordhøgt. Det er 10,9 TWh meir enn i same periode året før. I fjerde kvartal var den nordiske nettoimporten 5,4 TWh, ein auke på 2,4 TWh frå same kvartal i 2009. Høgt nordisk forbruk kombinert med tørt vêr og låg svensk kjernekraftproduksjon ligg bak den høge importen.

Kontaktpersoner:
Avdelingsdirektør Marit L. Fossdal, tlf. 22959353/90188373
Seksjonssjef Tor Arnt Johnsen, tlf. 22959149/93024238