Medietillsynet

Høyringsfråsegn til nye reglar om produktplassering

Pressemelding   •   feb 18, 2011 16:14 CET

Medietilsynet har denne veka gitt ei høyringsfråsegn til høyringa av nye reglar om produktplassering og andre mindre endringar i kringkastingslova.

Medietilsynet har fleire merknader til Kulturdepartementet sitt framlegg som vart sendt på høyring 17. november 2010. Dette gjeld særleg dei nye reglane om produktplassering, som er ei gjennomføring av ein del av EUs direktiv om audiovisuelle medietenester i norsk rett (AMT-direktivet). Forslaget inneber at det no vert opna opp for denne forma for reklame i einskilde program på nærare fastsette vilkår. Medietilsynet kjem med forslag til klargjering på fleire punkt, mellom anna i forhold til avgrensing mot sponseregelverket.

Du kan lese høyringsfråsegna her.

Kulturdepartementet sitt høyringsnotat er tilgjengeleg her.