Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Moråga kraftverk

Pressemelding   •   okt 26, 2010 09:04 CEST

NVE seier nei til bygging av Moråga kraftverk i Beiarn kommune i Nordland. NVE meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som blir påført allmenne interesser.

Sjøfossen Energi AS har søkt om løyve til å bygge Moråga kraftverk i elva Moråga, eit sidevassdrag til Beiarelva i Beiarn kommune. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,8 MW, og ein årleg produksjon på ca. 8 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 400 husstandar.

Etter NVEs syn utgjer Moråga eit viktig lokalt landskapselement, som har stor verdi for bebuarar og tilreisande til Beiardalen. I tillegg vil røyrtrasé og anleggsveg føre til terrenginngrep som også har ulemper for landskapet og korleis det blir oppfatta.

NVE meiner at dei negative konsekvensane ikkje står i høve til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. Etter NVE sitt syn er det heller ikkje mogleg å bøte på verknadane med tiltak, og vurderar at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i høve til allmenne interesser, og gjev derfor ikkje løyve til bygging av Moråga kraftverk.

Les meir om Moråga kraftverk på www.nve.no

For meir informasjon kontakt:
Seksjonsjef Øystein Grundt tlf. 22 95 93 89
Førstekonsulent Asgeir Vagnildhaug tlf. 72 89 65 98