Statistisk sentralbyrå SSB

Internett-målinga, 3. kvartal 2009. Jamn vekst i faste breiband

Pressemelding   •   des 10, 2009 10:04 CET

Talet på abonnement på faste tilgangar til breiband auka med 6 prosent frå året før og vel 1 prosent frå førre kvartalet til 3. kvartal i år. Den gjennomsnittlege hastigheita for private breibandsabonnement auka til 5,7 Mbit/s.

I Fastlands-Noreg var det 1 653 000 breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett ved utgangen av 3. kvartal 2009. Dette er ein auke på 94 000 i høve til same periode i 2008. Samanlikna med førre kvartal er det ein auke på 20 000 abonnement. Heile 1 497 000 av breibandsabonnementa var private, medan bedriftsmarknaden hadde 155 000 slike abonnement.

Ny vekst i talet på raske private breiband

Delen av dei private breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s var 21 prosent i 3. kvartal 2009, ein auke frå 19 prosent i det førre kvartalet. Det tilsvarande talet for bedriftsmarknaden er 6 prosent, det same som i 2. kvartal 2009.

I privatmarknaden er det hushalda i Rogaland og Nord-Trøndelag som har flest raske breiband, høvesvis 46 og 34 prosent av alle abonnentane.

Samstundes aukar den gjennomsnittlege hastigheita frå 5,5 til 5,7 Mbit/s. Medianverdien for private breiband aukar og til 3,5 Mbit/s - frå 3,4 i 2. kvartal.

Jamn vekst i breiband i høve til hushalda

Talet på private breiband i høve til hushalda er 70 prosent for heile landet, ein auke frå 69 prosent i førre kvartalet. Sør-Trøndelag, Oslo og Akershus er fylka med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda - alle med over 74 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning.

Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane si sentralitetskode. 3. kvartal 2009

Tabell; http://www.ssb.no/inet/

Tabeller