Statistisk sentralbyrå SSB

Investeringsstatistikk. Industri, bergverksdrift og kraftforsyning, 4. kvartal 2009 Fallande investeringar i industrien

Pressemelding   •   des 02, 2009 16:33 CET

Investeringane i industrien er merkbart lågare i år enn i 2008 og vil venteleg halde fram med å falle i 2010. Høg investeringsaktivitet i kraftforsyning kompenserer for mykje av nedgangen.

Førebelse tal for 2009 syner at samla investeringar i industri, bergverksdrift og kraftforsyning vil liggje på om lag 40,2 milliardar kroner – målt i løpande prisar. Dette er 18 prosent lågare enn tilsvarande tal for i fjor. Kraftig nedgang i industriinvesteringane er årsaka til utviklinga. Data for 2010 syner eit ytterlegare fall i investeringsnivået, og nok ein gong er det industrien som trekkjer ned tala. Positiv utvikling i kraftforsyning veg opp for ein stor del av dette.

Laber investeringsvilje i industrien

Samla investeringar i industrien blir berekna til 22,6 milliardar kroner for 2009, målt i løpande prisar. Nivået er justert noko ned frå førre måling og ligg 30 prosent under tilsvarande tal for 2008. Fallande investeringar i næringa kjemiske råvarer er ein viktig årsak til nedgangen. Avslutning av fleire store prosjekt innanfor solcellerelatert verksemd medverka sterkt til dette. Andre næringar med merkbart lågare investeringar enn i fjor er metallindustri, maskinindustri og gummi-, plast- og mineralsk industri. Investeringar i næringsmiddelindustri held seg høge.

Sesongjusterte tal for utførte investeringar i industrien syner ein nedgang på 16 prosent frå 2. til 3. kvartal 2009. Utviklinga er delvis eit resultat av at fleire store prosjekt no er ferdige. I tillegg kjem eit fall i det generelle investeringsnivået.

Data for 2010 syner ein ytterlegare nedgang i industriinvesteringane. Låge tal for pårekna investeringar i næringane metallindustri og produksjon av kjemiske råvarer medverkar sterkt til utviklinga. Ein gradvis omlegging til færre og større fabrikkanlegg gir grunnlag for auka investeringar i næringsmiddel- og drikkevareindustrien.

Høge tal for bergverksdrift

Samla investeringar i bergverksdrift i 2009 er venta å liggje på om lag 2,3 milliardar kroner, målt i løpande prisar. Resultatet er heile 126 prosent høgare enn tilsvarande tal for 2008. To store prosjekt medverkar sterkt til utviklinga. Data for 2010 syner at investeringane i næringa vil falle til eit meir normalt nivå neste år.

Ventar auka investeringar i kraftforsyning

Førebelse tal for kraftforsyning syner at samla investeringar i 2009 vil liggje på om lag 15,3 milliardar kroner, målt i løpande prisar. Dette er meir eller mindre same nivå som i 2008. Data for 2010 syner at investeringane vil auke med 21 prosent neste år. Eit høgt investeringsnivå innanfor produksjon og distribusjon av elektrisk straum er hovudårsaka til dette.

Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner